makt over mitt eige liv

- Det er hardt arbeid å jobbe med eigne tankar, men det gir deg makt. Makt over ditt eige liv. 

Det kan vere freistande å skylde på andre når det går skeis. Nokre gongar er det faktisk nokon andre sin feil. Du har kanskje vore der sjølv? Planen som gjekk i vasken, ulykka som ramma deg eller kanskje du blei svikta av nokon du er glad i? Brått ein dag ligg du der som i ei grøft. Du har bråstoppa, gått skikkelig på trynet og heilt uforskyldt roper såra dine etter medynk. Medan du ligg der nede i di eiga grøft, ser du dei andre rusle bekymringslaust vidare på veg mot sine draumar i lag med sine kjære. Eg skal vere ærleg; det enklaste er å skylde på andre. La seg støve ned, la seg sløve ned og miste utsikta til andre si lykke. Det kjennes komfortabelt og velfortent i starten, for «Det er jo ikkje min feil at eg har hamna her», seier du og pirker av skorpa slik at såret treng enda lenger tid til å gro. I motsetning til Rema 1000, så meiner eg derimot at det enklaste ikkje er det beste. Det er hardt arbeid å jobbe med eigne tankar, men det gir deg makt. Makt over ditt eige liv. Hjerneforsking viser at det lønner seg å fokusere på det positive og ikkje det negative. Store personlegheiter som Obama og Malala fortel at eit positivt tankesett var avgjerande for deira liv. Terapeuter og psykologer lytter og gir råd, men ingen kan tenke tankane dine for deg. Du tenker, derfor er du. Eg har 19 års erfaring med tankearbeid som krev eigeninnsats, og med stor fare for å bli opplevd som enda ein inspirerande ungdom med funksjonsnedsettelse eller bli oppfatta som ei lettvint sjølvhjelpsbok i møte med eit alvorleg tema som psykisk helse, så deler eg likevel mi erfaring med deg her i dag. Tankearbeidet mitt går i tre fasar. Det varierer kor lenge eg er innom kvar fase, men målet er å vere mest i fase to og tre.

Fase 1 Det gjer vondt!

Fase 1 startar når det skjer noko ubehagelig. Det kan vere noko nytt eller noko som er stadig tilbakevendande. Inni meg kjenner eg på frykt, sinne, smerte eller frustrasjon. Då ser eg på grøfta mi som ei velfortent pause. Eg tek meg tid til å kjenne etter og anerkjenner smerten, skuffelsen eller fortvilinga eg kjenner på. Eg treng ikkje forhaste meg, så eg lener meg gjerne tillitsfullt mot den veggen eg har møtt, og veit at dette er midlertidig. Eg var fire år då eg for første gong innsåg at fotballspeling på eiga hand var utafor mi rekkevidde, og eg græt. Denne kjensla av å ikkje kunne springe eller spele noko på eiga hand er som eit kaldt gufs eller ei kald hand som held meg nede. Etter kvart tek denne fasen kortare og kortare tid. Det er nesten som å dyppe tærne kaldt vatn; ein vil helst ta dei raskt opp igjen. Det er ubehagelig, det kjennes mørkt, og all mi erfaring viser no at det som gjer godt er å bevege seg mot det bedre.

Fase 2 Løft blikket ditt!

Du veit når natt går mot dag, når ein floke løyser seg eller kjensla av å få satt den siste, riktige akkorden i ein sang? I denne fasen er det kjensla av å vere letta, fornøgd eller optimistisk som rår. Om du ligg i ei grøft dekka av støv, så vil du ikkje føle deg fortvila lenger, for du har begynt å lure på om støvet er magisk stjernestøv. I denne fasen handlar det om å skifte perspektiv. Eg fekk tidleg råd om at sjølv om det er 99% mørkt, sjå alltid etter eit lyspunkt. Om det er vanskeleg å sjå det, så drøym det. Kva ønsker du å sjå? Kvar vil du? I starten vart dei spede forsøka mine på positive tankar slått i bakken med ei voldsom kraft. Som eit lyntog blas dei mørke vognene forbi stasjonen der eg stod og drog meg inn og med på ein spiral eg kjente så altfor godt til allereie. Eg fekk aldri stoppa dette tanketoget, men klarte til slutt å time det slik at eg hoppa på den eine lyse vogna. I mi vogn var det lyst, der var musikk, der var godt og varmt og her kunne eg gjerne reise ei stund. I korte glimt i starten, men med utvida rutetabellar vart det etterkvart fleire vogner med plass til leik og alle mine draumar. Gjennom musikk og tekstar fann eg ein veg å jobbe meg bakover i toget, om eg bomma på den lyse vogna og vart dratt inn i mørket. Eg var vel 10 år då eg oppdaga at eg berre klarte å skrive eitt trist vers før eg kom over i rette vogna og gleda i refrenget tok over.

Fase 3 Ha trua!

Det ville vere uredeleg og vise til hjerneforsking, kjendisar og eiga erfaring utan å nemne mitt sterkaste kort. Det er ikkje berre i kraft av meg sjølv at eg har fått makt over eigne tankar og funne stor glede med livet mitt slik det er. Eg har gjennom heile livet hatt eit stort fortrinn. Eit på mange måtar tabubelagt fortrinn som har gitt meg trygghet og håp, ei forsikring om at dei stega eg ikkje klarer aleine, dei tar Han. For meg har draumen om himmelen og venskapet med Jesus gitt meg ro til å kjenne etter og ein enorm iver etter å løfte blikket, sjå mulegheitene og gjennomføre draumane mine. I denne fasen er det glede og takknemlegheit som skin sterkast. Eg ser faktisk at Han har ein eigen plan med mitt liv og våger meg til å seie at det fins ein plan for ditt liv også. 

Om det er noko eg håper du tek med deg etter desse minutta, så er det: 1. Våg å kjenne på din eigen smerte, og så snart du er klar, gå videre til fase 2 der du løfter blikket og ser mulegheitene. Tilslutt: Ha trua, for du har makt over ditt eige liv!




Next
Next

Sico Julekonsert 2023