Eg kan ta helg
- Veldig kjekt å kome med ein låt som mange kan kjenne seg att i, seier Steinar.
Steinar Engelbrektson er kjend for sine mange konsertar gjennom fleire tiår, og har laga og gitt ut velkjente låter som blant anna «Heim til Nordfjord». I refrenget til «Eg kan ta helg» skin framleis kjærleiken til Nordfjord og folka som bur her igjennom.
I 2023 fekk Steinar Gloppen sin Kulturpris, han er musikalsk leiar for Gloppen Demenskor, og har jobba som brukerstyrt personlig assistent. Å vere til glede og hjelp for andre betyr mykje for Steinar. Låten "Eg kan ta helg» handlar om korleis besøket på aldersheimen og den lille bilturen med nytt heimafrå, snur einsemd, frykt og anna kulde om til trygghet, ro og gode minner - om enn berre for ei lita og verdifull stund.
Steinar har med seg Mathea Eckhoff Dagestad på vokal. Teksten i låta er skriven av Simen Aabrekk, som også kjem frå Sandane. - Demens har vore tett på i min familie og for fleire av vennane mine, så denne sangen er tenkt som ei oppmuntring både til deg som står midt oppi det no - og til deg som har vore der eller snart kjem dit, seier Simen.
La oss besøke kvarandre, er oppfordringa frå Sandane.