Sico Julekonsert 2023
15. desember 2023 inviterer SICO til julekonsert på Nordfjord folkehøgskule til inntekt for skulen sitt bistandsprosjekt i Okhaldhunga i Nepal.
-Vi er eit heilt band med trekkspel, tangenter, EyeHarp, gitar, cello og vokal og kjem til å spele julesangar og andre låtar som vi har laga, arrangert og øvd inn i haust. Eg var ferdig med musikklinja på Firda i vår og har vore så heldig å ha så mange musikalske assistenter i haust at vi kan invitere til julekonsert. SICO er artistnavnet mitt og står for Simen og company, sier Simen Aabrekk.
Mathea Eckhoff Dagestad er ein av assistentane som også er låtskriver, og skal fremføre ei av låtene ho og Simen har skrive saman på konserten.
"Og så er det jo litt gøy at eg fyller år same dag som vi skal opptre. Eg kunne ikkje ha tenkt meg ein betre måte å feire bursdagen min på, smiler Mathea.
EyeHarp er eit digitalt instrument med kamera som fanger opp augene dine. Når du ser på det farga feltet, så speler tonen. Vi kan stille inn til alle tonearter, alle skalaer og til kva instrument som helst om vi koblar opp i lag med logic. Eg har sagt sidan barneskulen at eg elsker å opptre, og eg har fått delta. No bidrar eg i band og på forestillingar med mine tonar og for meg er kvar tone ein enorm seier! Det er framleis eit stort gap mellom kva eg har lyst å spele, og kva som verkeleg kjem ut. Det er likevel ekstremt inspirerande å kunne vere med å framføre min eigen musikk, og behalde draumen om ein gong å kunne reise rundt å spele alt det eg har laga dei siste 10 åra.
Det var ca 80 fornøgde gjestar på konsertane, og tilsaman samla vi inn ca 6500 kr til prosjektet!
Eg ønsker alle ei riktig god jul!
Desse er med i bandet: Steinar Engelbrektson, trekkspel og vokal, Kristian Olav Vågen, tangentar, teknikk, Emma Hodne, låtskriver og vokal, Mathea Eckhof Dagestad, låtskriver og vokal, Selma A. Fonneløp, bistandskomiteen og cello, Simen Aabrekk, låtskriver og EyeHarp, Jonas Aven Kristiansen, gitar og teknikk, Per-Inge Haugen, video.