Oldemor og Oldefar fra Oldedalen

I 2017 besøkte vi garden Aabrekk inne i Oldedalen. Pappa fylte 50 år denne sommaren og tippoldefar Andreas ville fylt 150 år - begge den 26. juli. Eg laga ei lita jubileumsforteljing med god hjelp frå tante Norbjørg, boka om Oldedalen, mamma og mormor. Var det slik Elling og Martha møttes første gongen? Og var det slik det gjekk føre seg rett før vår familiehistorie starta?

 

Fluge, Jølster 18. mai 1927

 

- Det er ikkje anna råd, Martha! Vi har funne ein huspost til deg og skyssen går i morgon. Eldstesøstra la handa si på skuldra hennar, ho sa ikkje meir. Ho berre snudde seg og gjekk nedover mot stallen.

Midt i mai? tenkte ho. Ein heil månad etter flyttedagen? Det måtte vere byfolk, for vanlege arbeidsfolk flytta 14. april. Ho hadde budd seg no på eit år til heime, men no vart det flytting likevel. To av dei eldre søstrene hadde eigne familiar rett i nærleiken, og i familien til eldstesøstra her heime poppa det stadig fleire småfolk. Ho var yngst, og her var det trangt.

- Huspost, ho smakte litt på det og kunne høyre lyden av kjerrehjul og bensinlukta frå dei nymotens bilmotorane. Ho hadde vore i Bergen ein gong då ho var lita, og gløymde aldri støyen og luktene, men også kjensla av fridom og spenning som fulgte med det uforutsigbare med å reise ut på nye eventyr. Ho likte spenninga og no skulle ho få reise til byen. Kanskje var det hos ein rik familie som trengte barnepass? Kanskje måtte ho ha nye kle? Ho sette frå seg vaskebøtta og gjekk nedover mot elva. Ho måtte la dette synke litt inn, og ta seg fem minutt nede på kvilesteinen.

Den kraftige snøsmeltinga gjorde bøen våt og vasstrukken. Det surkla i skoene når ho kryssa grusvegen. Ho sette seg ned på kvilesteinen ved vasskanten og trakk av dei lange ullsokkane. Snøen låg langt ned i fjellsida, det buldra høgt frå elva og sola varma godt. Det freista ikkje å stikke tærne uti, men med leggane på dei varme steinane fekk tankane fritt spelerom. Ho tenkte på kirkekoret i byen og kvinneforeiningane ho kanskje kunne bli med i etterkvart!

 

-Unnskyld, eg ser etter stallen på Fluge? Ein kar på sykkel stoppa på vegen rett ovanfor kvilesteinen. Martha trakk ned stakken i full fart og trekte beina opp under seg. Dei vasstrukne strømpene fekk ligge i sola. Ho var glad ho nettopp hadde stoppa dei, for denne karen studerte både ho og strømpene, la ho merke til. Enda augene deira glipa mot den sterke vårsola, såg ho at han hadde mørke og snille auge. Sykkelen såg litt annleis ut enn slike ho var van med. Det såg ut som om han hadde gått gjennom både lyng og myr, men ho berre svarte lett;

- Jau, då er du på rett plass, og peika oppover bøen der svogeren akkurat gjekk over tunet. Han skal sikkert berre innom veslehuset, så ventar du litt, får du nok tak i han skulle eg tru. Sykkel-karen helste med handa til hua og trakka med god kraft opp bakken mot stallen.

 

Det drog ein del folk forbi garden på Fluge, enten nordover mot Ålesund eller sørover mot Bergen, og det var like spennande kvar gong nokon hadde ærend hos dei. Dei fuktige sokkane var støre å trekke opp, men ho hadde ikkje lyst å sitte her og tenke lenger. Ho var nysgjerrig på sykkelkaren og kva han skulle her hos dei. På vegen mot trappa der vaskebøtta stod, fekk ho eit glimt av karane i stallen. Sykkelen stod parkert utanfor og på avstand såg det ut som om karane gjekk gjennom både tennene og hovane på den eine ungmerra.

-Jaja, så er det kanskje ein hestehandlar som tenkjer å ri heim, lo Martha for seg sjølv og gjekk inn i spisskammerset for å gjere seg ferdig med vårvasken.


Førstereis

-Hei! Stans! Du skal til høgre - ikkje venstre!? Sykkelkaren som no var blitt hestekar, trakk i taumane og bråstoppa. Martha hadde kvelden før fått vite at det var han som var skyssen og at ho skulle pakke for avreise morgonen etter. Ho hadde gått tidleg på rommet og pakka med seg ei kiste med det mest nødvendige. Eldstesøstera hadde gitt ho gitaren, med streng beskjed om å kun spele på søndagane om ikkje ho vart beden om anna av familien. Martha kjente at gleda over å ikkje måtte skilje seg frå gitaren, overdøyvde noko av vemodet med å forlate alle søstrene. Foreldra var døde for fleire år sidan, og det var hektisk med så mykje folk og prat. Det kunne bli riktig fint med ein fin, liten byfamilie og litt gitarspel på søndagskveldane, hadde ho tenkt for nøyaktig to minutt sidan. Men no tok hestekaren til venstre?

Ho reiste seg opp i vogna, han såg forundra på ho. - Eg kom denne vegen og tenkte eg skulle heim? Kvar skal du? Spurte hestekaren med glimt i auga. Martha kjente forvirringa gå over i frustrasjon. Hadde nokon sagt Bergen? Hadde ho berre tenkt det? Hadde nokon sagt noko som helst? Ho prøvde å tenke, men kjente panikken stige og svarte; - Eg skal til Bergen, og det er til høgre. Hestekaren gjorde store auge og fortalte som sant var at han hadde fått beskjed om å hente denne merra og ei jente som skulle inn på ein huspost på Kvame og sette ho av der på veg heim. Han hadde tatt sykkelen på nakken og gått over skaret i går og trakka heile vatnet på langs.

 - Ja, vi møttes jo nede ved elva, la han til. Og no skulle han heim, heim til Oldedalen.

Martha greip gitaren, klatra over sykkelen som stod lent inntil kista hennar, hoppa ut av vogna og sprang opp att bakken medan ho ropte på svogeren. Hestekaren otra både merra og vogna bak i krysset igjen og sette seg til å vente. Ti minutter seinare kom Martha med bestemte steg ned bakken med eit hardt grep om gitaren.

-Eg er visst på veg til Kvame, sa ho skarpt og klatra opp i vogna igjen.

Hestekaren tok til venstre og sa ikkje meir på lenge.

Kvame, garden der Martha tente i Oldedalen

Oldedalen 17. mai 1927

-Det vart ein flott fest dette, Elling? Anders opna felekassen og tok i mot sonen si fele. Han strauk over det gylne treverket og kjente saknet etter å spele sjølv. Han hadde innsett at ungdomslaget eigentleg ikkje var tillaga for dei som nærma seg 60 og hadde gitt fela til Elling som verkeleg hadde teken på det han også. Elling slakka bogen og gav den til faren. Han trekte lomme-tørkle ut av brystlomma og tørka sveitten av panna. Det vart varmt her inne med alle dei bunadskledde grannane samla på ein stad, og med Sommarslått av S. Aabrekk som avslutningsnummer var han ikkje aleine om å bryte sveitten. 17. mai-festen på det nye bedehuset sette punktum for dei faste øvingane musikklaget hadde hatt gjennom vinteren. No gjenstod å spele det dei hadde øvd på i bryllup og i andre festlege lag utover sommaren. Aller best likte han å akkompagnere til salmane på møta her på bedehuset og i lag med trøorgelet kom dei enno litt nærare den himmelske lovsangen, følte han. Der såg dei Rustøen bane seg veg framover, motstraums mot podiet.

- På slike dagar kan ein gjere det på gamlemåten, lo han og klemte til med eit kraftig handtrykk. Anders nikka og spurte kva slags hatt han hadde på seg i dag?

Rustøen lest som han slengte opp ein hatt i lufta og fanga den på snei: - Rustøen Frakt og Logistikk til teneste, heldt han fram og helste til den usynlege hatten. Det var hos Rustøen hesteskyssen av turistane vart fordelt, han hadde planar om butikk og ansvaret for telefonsentralen. Gjennom dette heldt han bygda oppdatert på nytt og nyttig gjennom heile året. Å slå av ein prat og ordne opp direkte vart difor omtala som «gamlemåten» etter at det nymotens telefonapparatet hadde spart dei for mange båtturar og seine, farefulle kveldsturar den siste vinteren.

-Eg høyrde frå Jannike at du skal hente ei merr i Jølster i morgon? Er det du som tek skaret, Elling? spurde Rustøen og snudde seg mot Elling som såg spørjande på faren. Faren nikka.

-Ja, gjer det, du, så kan Knut vaske resten av ugraset frå kornåkeren og få det på tørk. Dei lot ikkje godt dyrefor gå til spille.

-Då vil eg spørje frå dei på Kvame om du kan ta med ei jente frå Fluge som har fått arbeid der. Du kunne få med ein storaure for tenesta og vogna fulgte med jenta sa dei. Den var stor nok til både sykkelen og litt utstyr.

Elling visste at turen over Oldeskaret med sykkelen på nakken og heile lengda av Jølstravatnet var eit godt dagsverk, men hest og vogn langs vegane over fjellet med ei tenestejente på slep kunne fort bli vel så slitsomt. Han nikka motvillig og ba stilt om lageleg ver og omgjengeleg reisefølge.

- Flotte greier, takka Rustøen og så slo dei følge med resten av festlyden ut på trappa der følget stod oppstilt for fotografering.

Biletet er henta frå boka “Oldedalen”

Over Oldeskaret

-Det er noko eige med å kome opp i høgda, sa han halvhøgt til seg sjølv. Han løfta sykkelen av skuldra og la den ned i lyngen. Sjølv klatra han opp på den høgste steinen, sette seg med beina dinglande utfor kanten og tok fram den vesle bibelen sin frå innerlomma. Med fjellrypene som nysgjerrige kordamer, stemte han i ein av yndlingssalmane sine:

Nærmere deg, min Gud,

nærmere deg,

om det et kors enn er

som løfter meg!

Synes meg veien trang,

er det dog all min sang:

Nærmere deg, min Gud,

nærmere deg!

 

Vandrer jeg viden om,

solen går ned,

mørkt blir det, kun en sten

å hvile ved.

I nattens dyp til meg

finner du, Gud, din vei.

Nærmere deg, min Gud,

nærmere deg!

 

Stigen jeg skuer reist

mot himlen opp.

Englene ferdes der

til høyest topp.

Nåde er all din vei,

oppad den fører meg,

nærmere deg, min Gud,

nærmere deg!

 

Han bladde opp i 1. Mos 28, 10-19 og leste høgt for seg sjølv:

 «Jakob drog fra Be’er-Sjeba og gav seg på veien til Karan. Da solen var gått ned, kom han til et sted hvor han slo seg til for natten. Han tok en av steinene der på stedet, la den bak hodet og la seg til å sove. Da hadde Jakob en drøm. Han så en stige som var reist på jorden og nådde til himmelen. Og se, Guds engler steg opp og ned på den. Da stod Herren foran ham og sa: «Jeg er Herren, din far Abrahams Gud og Isaks Gud. Det landet du ligger i, vil jeg gi deg og din ætt. Din ætt skal bli som støvet på jorden. Du skal bre deg ut mot vest og øst, mot nord og sør, og i deg og din ætt skal alle slekter på jorden velsignes. Se, jeg vil være med deg og bevare deg hvor du går, og føre deg tilbake til dette landet. For jeg skal ikke forlate deg, men gjøre det jeg har lovt deg. Da Jakob våknet av søvnen, sa han: «Sannelig, Herren er på dette sted, og jeg visste det ikke!» Da ble han grepet av frykt og sa: «Hvor skremmende dette stedet er! Her er Guds hus, her er himmelens port.» Morgenen etter stod Jakob tidlig opp. Han tok den steinen han hadde hatt bak hodet, reiste den som en minnestein og helte olje over den. Han gav stedet navnet Betel. Før hette byen Lus.»

Elling pusta den klare fjellmorgonen djupt inn og heldt fram med sangen:

Derfor med våkent sinn,

fullt av din pris,

bygger et Betel jeg

på Jakobs vis.

Alter blir stenen meg,

pilgrimen takker deg:

Nærmere deg, min Gud,

nærmere deg!

 

Evige Gud, til deg

lengter min sjel.

Herre, du alltid er

min lodd og del.

Tung eller lett min gang,

alltid det blir min sang:

Nærmere deg, min Gud,

nærmere deg!

 

Der i min Faders favn,

trygt jeg får bo.

Der i min Frelsers navn,

kjøpt med hans blod.

Synger en evig sang,

toner med himmelsk klang.

Nærmere deg, min Gud,

nærmere deg!

Han kjende at sjela hans var sett i brann, han såg utover dalen. Dei bittesmå husa og den veldige breen. Kvifor hadde det ikkje laga seg til noko prestegjerning for han enda? Han var uten odel og hadde forlete bygda fleire gongar for å gå på skule, men det verka som Gud hadde andre planar for han. Den kristne ungdomsskulen på Vereide og bibelskulen på Fjellhaug hadde ikkje berre gitt opplevingar for livet, men også ei trygg og fast tru på den allmektige Gud - trass i at han var tilbake i dalen og nærma seg 30.

Han lukka bibelen og i det same ramla eit lite kort ut;

Nu er jeg stålsatt, jeg føler det bud

der byder i høyden å vandre!

Mitt lavlandsliv har jeg levet ud;

her oppe på vidden er frihet og Gud,

der nede famler de andre.

 

Han smilte ved minna om skuleoppgåva på Vereide og sendte ei takk til rektor Bertel Kaale og til dei vakre kollane og nutane rundt Gloppefjorden i det han hoppa ned frå steinen og gjorde seg klar til siste kneika før breen. Han hadde alltid likt seg i høgda, men aldri vore særleg glad i turen oppover. Den stigen Jakob drøymte om, som gjekk rett til himmels, kunne vore praktisk å ha her inne i Oldefjella, smilte han.

For å få ekstra glede av nedturen, hadde han justert litt på sykkelen. Han hadde forbedra eit par triks han hadde plukka opp på skulen på Vereide. På veg opp ura kjende han at han gleda seg til turen over breen med dei ekstra breie dekka. Han kryssa fingrane for at den langsgåande slangespleisen heldt i mot trykket. Kunne han ha overdrive pumpinga? Ville skaren halde desse morgontimane? 

Og enda meir gleda han seg til turen ned dalen på andre sida. Måtte berre dei nymonterte fjørene halde heile vegen ned. Han hadde smugla ut nokre av fjørene frå madrassa til tante Eli, då ho flytta på lemmen i vår. Heilt nederst i fotenden rakk ho aldri ned uansett, hadde han tenkt om enn med litt dårleg samvit.

Fjørdemping á la tante Eli

Kveldstimane etter konserten i går hadde han brukt i verkstaden for å spikke til spjelkingane til fjørene og feste dei på den avkorta gaffelen. Han hadde følt han kunne sjanse litt på konstruksjonen sida han hadde hest heim uansett. Vinden og lyngen suste vekselsvis om øyrene på han på veg ned fjellsida der han såg Jølstravatnet blenkje som ein blank ål lengst der framme. Fjørene var litt ustabile, men dei heldt og gav han fløyelsmjuke landingar sjølv frå dei største tuene - stortsett. Han hadde pirka ut meir enn ein røsslyng frå framtennene denne turen, men adrenalinet jaga gjennom kroppen og gav han ei lukkekjensle på høgde med Brenndalsnibba, minst!

 Vel nede i dalen forsøkte han å plukke sykkelen fri for lyng og gras og sette fart mot Fluge. Ut på ettermiddagen skimta han ein skikkelse ved vegen litt lenger framme. Eg spør der, tenkte han mens det romla i magen, for det kan ikkje vere så langt unna no. Måtte der vere litt rømmegrautrestar etter i 17. maifesten i går, ønsketenkte han. Eller kanskje til og med litt moltekrem?

Bursdagsfeiring 26. juli på Aabrekk

- Har du fått deg kake? Jannike smaug seg mellom grannane med enda eit kakefat og heldt det fram mot Martha.

- Takk, takk og gratulerer med husbonden! 60-åringen held seg godt! smilte Martha og tok eit kakestykke.

- Mor, det er nydeleg mat! smilte Elling og tok eit kakestykke til før mora forsvann med fatet. Han snudde seg mot Martha;

  -Javel, korleis er livet på Kvame? Martha hadde ikkje lagt merke til at han kom, men såg no rett inn i auga på Elling. Ho gremma seg litt, for ho hadde ikkje tødd opp på vognturen dei hadde hatt i lag i mai før dei nærma seg Byrkjelo.

- Det er heilt greit på Kvame, svarte ho og løfta lett på skuldrane. Det er ikkje så ulikt heime, eg er van med å arbeide, heldt ho fram.

 På veg over Utvikfjellet hadde han forsiktig begynt å fortelje frå åra han gjekk på skule nede på Vereide og ho fekk forklaringa på den uvanlege sykkelen og skrubbsåret han hadde på kjaken. Ho berre lytta til han, for ho hadde ikkje klart å skjule skuffelsen over at det ikkje vart Bergen for sin del, likevel. Han hadde vore svært forståelsesfull, og sa sjølv han hadde fått smaken på livet utanfor dalen.

-Hei Martha! Knut kom bort og slo armen om broren. Det var Knut som hadde odel på Aabrekk-garden og han hadde hatt fleire ærend inn på Kvame denne sommaren.

- Får vi Aabrekkane slå følge opp på Kvamesætra i kveld, for eg høyrer de skal ha tidlig olsok der etter kakelaget til far? gliste Knut og såg for seg båderjomegraut og bading i kulpane oppover elva denne varme sommardagen.

-Sjølvsagt, svarte Martha og lo mot dei to brødrene. -Eg har lovt å ta fjøsen, så mor får rydde opp her i kveld, svarte Elling og kjente seg lett irritert på at han alltid gjekk av vegen for å hjelpe andre.

 -Ja,ja, då spør eg Andreas og så finn eg tak i deg seinare, sa Knut og blunka til Martha.

Hausten i Oldedalen gjekk med til salting av kjøt, baking av lefser, innhausting av korn og poteter og grannefolka hjelpte kvarandre å få maten i hus til vinteren. Dei einaste pausene var oppdraga som gjekk på omgang med køyring av nokre etternølande turistar, dei hadde møter på bedehuset og øvingar med musikklaget.

Bildet er frå Aabrekk

Bildet er frå boka “Oldedalen”

 På julaften sat storfamilien på Aabrekk rundt bordet og vart med eitt ringt opp av Rustøen. Det skrapa på linja og det var mumling i bakgrunnen, mykje meir enn vanleg.

- God kveld, høyrte vi Rustøen kremte høgtideleg. - Signa julekvelden, heldt han fram og brått høyrde vi ei salig blanding av lykkeønskningar samtidig på linja. Stemmene vart avløyst med latter og Rustøen kremta og ba om ordet igjen:

 - No når vi har heile dalen på tråden ville eg berre kome  med nokre kunngjeringar. Gudstenesta første juledag vert flytta til kl 14 for presten er forseinka av snøveret og måtte overnatte i Loen, frå Breim fekk vi melding om at Elling på Aabrekk må ta til i forpaktarjobben allereie 1. nyttårsdag på grunn av sjukdom der og til sist gratulerer vi ungefolket på Myklebust med ein odelsgut i går kveld.

Det braut ut jubel på linja og Rustøen sa at då kunne Kvamme-gjengen gjere seg klar til julesongen. Det skrapa i nokre stolar og mumlinga tok seg oppatt, men då «Eg er så glad kvar jolekveld» starta med Anders på fele, Martha på gitar i frå Kvame og Fredrik song frå Myklebust, då senka julefreden seg over Oldedalen.



 Seinsommaren 1930

Det ringte i klokka på butikken til Rustøen og Elling steig inn døra. I to og eit halvt år hadde han forpakta prestegarden på Breim. Han fekk til og med assistere presten på fleire av oppdraga, så det hadde vore så hektisk at han ikkje hadde vore tilbake i dalen i det heile. Han trivdes godt der, men hadde rekna på at han berre trengde eit par år til før han hadde tent nok til ein eigen gard. Her heime var det mange om både maten og plassen framleis. Knut hadde tatt over som venta, tante Eli budde på lemmen, mor og far i gamlestova, mens Malene, Maria og Andreas budde i huset.

Korkje gravferder eller bryllup hadde gitt grunn til å reise heim, og småfolk var det sjølvsagt ingen av. Då han møtte Rasmus frå husestyret på bedehuset i ei gravferd han assisterte i vår, og han spurte han om å bidra på møteveka, så tenkte han at det var ein fin sjanse til å ta opp igjen kontakten med dei han hadde sakna. Han måtte vere tilbake 14. oktober hadde presten sagt, for då kom det nye folk som trengte opplæring.

 -Det var eit sjeldant syn! utbraut Rustøen då Elling nærma seg disken. Elling tok av seg hua og strekte fram neven.

 -Ja, det er fint å vere tilbake! Korleis har turistsesongen vore? Rustøen fortalte både nytt og gammalt og Elling sette pris på både kaffikoppen og stolen han vart henvist til.

- Når vi snakkar om sola! heldt Rustøen fram i det Martha kom inn døra på butikken. Eg sit her og fortel om kor flott akkompagnement vi har fått på møta våre etter at du tok med gitaren, Martha, og her er sjølvaste predikanten for i år! sa han og slengte ut ei dramatisk arm i retning av Elling.

- Dette er Elling, han som henta deg i Jølster. Martha rekte fram handa, såg han rett inn i dei mørke augene og smilte;

-Takk for sist! Har du med deg fela? Heile musikklaget saknar felespelinga di, så no blir det fart på salmesangen i møteveka håper vi!  

Elling sat litt forundra att då Rustøen reiste seg og tok med seg Martha bort til disken for å finne fram det ho hadde på lista si. Ho var lita, mørk i fargane, lett på foten og når ho snakka var det nærmast som ho sang. Han kjende at han gleda seg til musikkøvingane.

 Det var sjølvsagt stor glede på garden då Elling omsider svingte inn til venstre og sykla opp vegen mot garden. Dei visste at han kom, for møteveka var rett rundt hjørnet. Mor Jannike hadde diska opp med rjomegraut og moltekrem og det tok ikkje langt tid før feletonane blanda seg med songen og gav gjenklang mellom fjella.

Møteveka tok til i midten av september. På kveldane vart ungdomane sittande att på bedehustrappa og diskutere både godt og gale med det dei nettopp hadde høyrt.

 Den siste kvelden følte Elling seg både oppglødd og vemodig på same tid. Det hadde vore umåteleg kjekt å spele igjen - særleg med Martha på gitaren. Ho var til stor inspirasjon under talane hans også. Han fekk stadfesta denne veka at ho passa perfekt inn i planane hans framover. Kunne denne kjensla vere gjensidig?

Dei to var aleine inne og rydda opp mellom benkane. På eit tidspunkt endte dei opp i midtgangen på likt, og då tok han mot til seg. Han justerte litt på salmebøkene og sa;  - Korleis er det på Kvame? Skulle du framleis ønske du var nærare Bergen?

 Martha kjende som eit elektrisk støt og såg forskrekka opp på han. Hadde han høyrt tankane hennar? Her gjekk ho og kjende vemodet sige innover seg med tanke på den lange vinteren, enda ein vinter på Kvame. Uansett var utsiktene i denne dalen eit overbefolka småbruk, og det freista ho ikkje. Ho hadde fått tilbodet, men drøymde framleis om Bergen. Ho såg opp og møtte blikket hans; - Eg gjer det, svara ho. Elling kjente hjartet hamre, han kjente sveitten braut, men heldt blikket hennar og sa med veldig lav stemme; - Eg har ein plan, og du passer perfekt inn i den om du sjølv vil, då. Martha kjente seg varm ho også, kunne dette vere starten på eit lenge etterlengta eventyr?

 - Om to år Martha, har eg råd til ein eigen gard i nærleiken av Bergen. Du kan få bli med meg då - som kona mi om du vil! Han tok ho i hendene.

- To år? svarte Martha.

-Ta meg med til Breim, Elling. Eg kan bli med deg no om du vil!

Elling kjente frykta sleppe taket og klemte hendene hennar hardare.

 - Vil du gifte deg med meg no?

- Ja, det vil eg, svara Martha og klemte hendene hans tilbake. - Men kan vi vente ei stund med å seie det, så eg får ordna opp i eit par ting? spurte Martha.

 - Sjølvsagt, så lenge som du vil, men trulovinga er kort som den er, om vi skal rekke å gifte oss før vi må reise, gliste Elling og slapp hendene hennar.

 

-Vi skal gifte oss 16. oktober, mor og far! Elling stod ved bordenden med heile familien samla rundt bordet. Det vart heilt tyst.

 - Eg veit det er kort frist, men presten er klar, ho sa ja og ville bli med til Breim med det same. Dei såg rådville ut, men Elling hadde planen klar.

- Vi tek opp poteter denne veka, så lagar vi potetkaker til kaffen og rjomegraut til middag. Vi kan gjere det enkelt. Det blir berre oss, for Fluge sine rekk ikkje å ta turen. Vi feirer med dei når vi er nærmare dei utpå hausten. Dei veksla nokre blikk, og han tok det for å vere dalens velkjente områmingstid når noko skulle skje. Han var blitt raskare i snuen etter fleire år vekke, og denne vendinga var alldeles vidunderleg tykte han.

 

- For ein heimreise dette har vore, kven skulle tru dette? gliste Elling og humra med tanken på kva presten på Breim ville seie når det kom ei forpaktarkone på garden uten forvarsel. Dei neste dagane vart det vaska, tatt opp poteter og kinna rømme.

Martha hadde det travelt med å avslutte tenesta på Kvame og viste seg ikkje på Aabrekk før bryllupsdagen. Søndagen før bryllupet, spurte Knut om Elling ville bli med på skyttarstemne.

- Nei, ikkje på ein søndag meinte Elling og hadde uansett avtala å spele med Martha på møtet om kvelden. Ingen såg Knut resten av søndagen, og han var framleis ikkje var komen att  då Elling og Martha vart rette ektefolk laurdagen etter. Dei reiste direkte til Breim etter bryllupet.

Elling Aabrekk og Martha Fluge

Etterord

Den 25. oktober 1930 fann dei eldstebroren Knut drukna i elva i Loen.

Yngstebroren Andreas kontakta Elling for ei vurdering av kva dei no skulle gjere med garden. -Ta han du, hadde Elling svart.

Etterkvart falt både Anders, Jannike og tante Eli frå. Fram til Andreas gifte seg budde søskena på garden, men når han flytta ned på Laukja brukte Marie og Malene garden som sommarhus. Marie døydde i 1989. I 2017 var det Arild Aabrekk, sonen til Andreas som eig garden, og no er det Olaug som bur på garden.

I løpet av dei to åra på Breim fekk Martha og Elling to barn. Deretter kjøpte dei garden Votlo på Osterøy og fekk sju barn tilsaman; Asbjørn, Leiv, Ragnar, Gunvor, Norbjørg, Jorunn, Reidun.

 

I 1946 tok heile gjengen båten frå Bergen til Lavik og ferda videre innover mot Oldedalen. Det var einaste gongen dei besøkte garden alle i lag, året etter Jannike gjekk bort og freden kom til landet. Norbjørg, som var 6 år denne gongen, hugsar at dei vart rekna som nokre villstyringar, dei fekk smake is på båten og klatra på den store steinen utanfor huset. Dei måtte avbryte ferien tidleg, fordi hesten deira vart biten av naboen sin hest og alle ni måtte ta den lange turen tilbake til Osterøya.

 

Bestefar Asbjørn flytta videre til Klepp, og der vaks pappa Olav opp. Han flytta tilbake til Nordfjord, nærare bestemt Vereide i 2004 for å vere lærar på Nordfjord folkehøgskule, der Elling var elev i 1923. Her blei eg fødd.

 

«Din ætt skal bli som støvet på jorden. Du skal bre deg ut mot vest og øst, mot nord og sør, og i deg og din ætt skal alle slekter på jorden velsignes. Se, jeg vil være med deg og bevare deg hvor du går, og føre deg tilbake til dette landet. For jeg skal ikke forlate deg, men gjøre det jeg har lovt deg.»

I 2023 det slektstreff på Aabrekk. Desse var med: (bilder)

 


Kjelder

Nærmere deg min Gud, Sarah F. Adams / Edvard H. Bickersteth

 http://salmebloggen.no/2016/02/01/naermere-deg-min-gud/

”Paa Vidderne”, Henrik Ibsen

Oldedalen, 2003 Oldedalen Utviklingslag

Olgunn Haugen, slektssøk

Norbjørg Aabrekk, bilder


 

 

 

 

Previous
Previous

Sico Julekonsert 2023

Next
Next

Tru, håp og kjærleik