Astrid og Alf

Dette er forteljinga om korleis det kanskje var den første gongen oldeforeldra mine møtte kvarandre då dei var 8 år gamle.

Haugane på Nordfjordeid, januar 1928

Kronestykket låg tungt i kåpelomma. Det var laurdag og ho var på veg heim. Ho hadde tenkt på det heile veka, men no vart ho usikker på kva som var best. Ho stoppa ved hjørnet av låven. Det var her ho hadde sett korgene på trappa før jul. Ho kika opp mot vindauget som stod ope. Det var heilt stille. Ho stakk handa i lomma og kjende etter. Den kalde mynten fylte handa hennar. Nei, det var nok best å gi den til far, tenkte ho. Ho fekk ei krone kvar laurdag og far putta den på glaset på hylla på kjøkkenet.

-Den kjem godt med, sa han kvar gong.

- Godt å ha deg heime ein heil dag, Astrid mi, brukte han å seie og løfta henne opp på armen. Ho fekk sjå glaset som hadde botnen skjult av kronestykker, og ho visste at ho måtte reise tilbake dagen etter.

-Kva du gjer på? Ho høyrde ei stemme som ho ikkje kjende. Rundt hjørnet kom ein gut, han kunne ikkje vere stort eldre enn ho sjølv. Han hadde brune bukser, og ei strik- kajakke, og i hendene heldt han eit brett med mat. Ho trykte seg inn til husveggen og turde ikkje å sjå opp. Han spurte ein gong til;

-Kva skal du? Astrid tenkte at dette kanskje var sjansen, så ho svarte med spak stemme;

-Er det her eg kan kjøpe egg? Guten såg forundra på ho, for det var stort sett byfolk som ba om egg. Astrid gløtte opp, og såg nokon snille auge, som ikkje såg skumle ut i det heile. Så ho sa litt høgare;

-Eg har pengar altså. Guten heldt fram brettet, og sa at ho måtte bli med han å levere dette, så skulle han spørre dei inne etterpå. Han gjekk først og ho gjekk med raske steg etter han over tunet og inn i ei lita stove som stod lenger borte.

- Eg kjem med nons! sa guten i det han kom inn døra. Det var mørkt der inne, men ganske koselig. Ho såg ingen før det lea seg bort i den eine stolen i hjørnet. Og no knirka det i sengeplankane også.

- Så det budde nok nokon her, tenkte ho.

-Kva meir er det du har med deg i dag? knirka den gamle frå stolen i hjørnet, og glipa med auga mot Astrid som stod delvis skjult bak dørkarmen i vindfanget.

-Ho stod utanfor og skulle kjøpe egg, fortalte guten, men eg ville levere maten til dykk først, heldt han fram.
-Kven er du si jente da? spurte mannen i stolen. Astrid tok eit skritt fram og retta litt på kåpa, før ho sa som ho hadde lært;
-Eg er Haldor frå Engeland si yngste jente.
-Kva gjer du her aleine? spurte han vidare, med den knirkete stemma si. Astrid såg litt beskjedent ned i golvet igjen, og forklarte at ho tente på Grøthaug, og at ho no var på veg heim.

-Eg går forbi her kvar laurdag, fortsette ho.

-Eg har ikkje sett deg før, sa guten nysgjerrig. - Eg bruker å ta snarvegen, men i dag er ein litt annleis dag. Så eg ville høyre om de hadde nokre egg eg kunne kjøpe med heim.

-Ho seier ho har pengar, Sivert. Kan vi gå i hønsehuset og finne nokre trur du?
-Ja, det er nok best du spør far din. Eg har ikkje for vane og legge meg bort i butikken veit du.
-Takk for maten, og takk for praten, sa Sivert, og ropte bort til senga til ho som låg der;
-Det er nons, Anna! Nons! ropte han enda høgare. Dei skunda seg ut og let att døra.

-Vent her, sa guten. Han sprang opp dei to trappetrinna, inn i huset. Eit par minutt seinare kom han ut med ei lita korg.

-Vi fekk lov sa han, og så tok han med Astrid bort i hønsehuset og fann fram seks egg, som han la forsiktig ned i kurven.

-Kva skal du lage? spurte han.
-Kor mange treng du?
-Eg brukte fem forrige fredag, og det vart veldig bra. Men eg liker å ha eit i reserve, sidan eg skal gå den lange vegen heim på glatta, smilte ho.
-Vi kan legge litt høy rundt dei så held kanskje alle, svarte han og var rask til å pakke inn egga i litt høy, før han gav ho korga.
-Det blir tjuefem øre, sa han. Og ho stakk handa i kåpelomma og viste han kronestykket.
-Hæ, har du ei heil krone? Han gapte av den blanke pengen, og visste ikkje heilt kva han skulle gjere.
-Har du noko meir eg kan kjøpe? spurte Astrid. -Eller har du pengar å gi att?
-Eg trur vi må spør mora mi, for ho har meir greie på slikt enn eg. Guten gjekk først, og Astrid fulgte etter bort mot det kvite lange huset, med vindauge nesten som sølv når sola skein i glasa. No var dei nesten svarte. Igjen ba han ho om å vente på trappa, og han sprang inn igjen.

Astrid visste ikkje om det var mora eller ei storesøster som kom ut, men ho var i alle fall hyggelig nok, og bøyde seg ned, og spurte Astrid kva slags plan ho hadde for desse egga. Astrid fortalte om sukkerbrødet ho hadde lært å lage rett før jul, då vesle Ivar hadde bursdag. Ho hadde lært å piske eggedosis med den store hjulvispen, og med ekte sukker og lyst kveitemjøl, hadde ho, med berre litt hjelp, klart å lage ei kjempefin kake. Og på veg heim no hadde ho tenkt at det kunne ho ha lyst til å prøve heime denne laurdagen.

- Då spørst det kva de har heime på Engeland, sa den vaksne dama, og smilte litt lurt. Astrid visste dei hadde litt lyst mjøl, men kor mykje sukker ante ho ikkje. Om der var kremfløte visste ho heller ikkje, men syltetøy hadde dei, for det hadde ho plukka sjølv i fjor.

-Eg har eit forslag, sa dama. Guten stod der, litt forbausa over gjesten dei hadde fått. For kakebaking var ikkje kvardagskost for nokon her på Haugane.

-Har du lov å kjøpe kaketing for pengane? spurte han. Astrid skrapa litt med den eine foten i den våte grusen, og kjende usikkerheten fylle heile innsida. Ho kjente til og med at tårene pressa litt på, for ho visste ikkje om dette var så lurt. Men no var det litt vanskelig og gjere om på det.

-Eg veit at mor har bursdag i morgon, og så hadde eg lyst å overraske ho med ei kake. Og no når eg veit korleis eg kan lage den sjølv så tenkte eg at eg ville prøve. Men du har heilt rett, det er jo ikkje mine pengar eigentleg. Men eg har så lyst til at mor skal få kake, akkurat slik som vesle Ivar fekk. Astrid tørka ei tåre i augekroken, og lest som ho måtte hoste litt, for stemma vart litt tjukk.

-Eg synst det er ein veldig fin tanke sa dama. - Få sjå pengen som du har med deg. Astrid tok fram pengen igjen, og gav den til dama. -Skal vi sjå, sa ho. Du har egg, og syltetøy, og litt lyst mjøl. Då skal eg gå å finne litt sukker, og litt kremfløte. Så får du ei halv krone tilbake. Då trur eg både far og mor vert fornøgd. Astrid slapp eit smil fram gjennom tårene, og kunne ikkje tru kor heldig ho var som hadde møtt på så snille folk.

- Kva heiter du? spurte ho guten. Medan dei sat på trappa og venta. -Eg heiter Alf, svarte han.
-Eg heiter Astrid, svarte ho.

Astrid gjekk med lette steg ned bakken og kjente fløten skvulpe i spannet ho hadde

i ryggsekken. I motbakken mot Engeland kom usikkerheten over ho igjen så ho pusta letta ut då det var faren som møtte ho på tunet. Ho sprang inn i armane hans og kviskra andpusten hemmeligheten inn i øyret hans.

-Så godt å sjå deg! Eg atteleta no når det vart så seint på dag før du kom. Han løfta på høyet i korga og såg både egga, sukkeret og 50 øringen og smilte mot Astrid.

-Du har gjort eit kupp, vesla mi!

-Eg har endatil fløte her, sa ho og snudde ryggsekken fram mot faren. Han opna reimene og gløtta ned i sekken; her er det berre å få botnen i ovnen, for kremen er nesten klar, lo han. Haldor tok handa til Astrid og så sneik dei seg inn på kjøkkenet.

-Du får gjere som du gjorde sist, kviskra han, så fyrer eg litt ekstra i ovnen sa han. Det vart sukkerbotn og kremen fekk seg ein ekstrarunde med hjulvispen. Syltetøyet vart leita fram og alt vart sett ut på spiskamerset med eit klede over, klart til den store dagen.

Astrid sov uroleg den natta, for ho var så spent. På morgonkvisten skulle ho liste seg ned og leite fram alt som stod der på spiskammerset. Ho skulle dekke bordet og koke kaffi og så skulle ho vekke mor og seie at ho hadde ei overrasking til ho.

Bløtkake til bursdagsfrokosten vart ein suksess på Engeland. På vegen tilbake sette ho korga og spannet på trappa til dei snille folka på Bjørhovde. Avskjeret og restane av kremen hadde Astrid dandert i spannet, med litt syltetøy på toppen. Ho hadde ikkje sett nokon på tunet, men berre ei lita stund etter at ho hadde gått forbi høyrde ho ei damestemme langt der nede:

-Alf, du må kome, eg trur dette er til deg!

Previous
Previous

Mine 10 år med musikk og teknologi

Next
Next

Venskap kan vere som appelsiner