Venskap kan vere som appelsiner

- litt bitter på overflata, men om du berre kjem forbi skallet…

Eg drog den klamme t-skjorta ut frå kroppen. Det var skikkelig lummert her i fjøresteinane. Det var allereie ein halvtime sidan vi skulle kjent havbrisen i håret. Det hadde vore vår jobb å hente varene til øya i lag med bestefaren til Helena. Lenge. Sidan vi var 3 år gamle. Sjølv om han var død no, så var det liksom vår jobb framleis. Det brukte å vere det kjekkaste med heile ferien; desse båtturane til fastlandet på tirsdagene og laurdagane. I år var det annleis. I dag hang det faktisk nokre mørke skyer over fastlandet, men det var ingenting, for heile Helena var som ei vandrande toresky. Eg høyrde harde, hurtige steg i grusen bak naustet. Stormen Helena var på veg hitover, tenkte eg ironisk, og såg utover blikkstilla.

 

 «Herregud, kor irriterande!» Helena gjekk rett forbi meg og sparka opp døra ut mot småbåthavna. «Det er jo ikkje mogleg å få slappe av på sin eigen ferie eingong. Ser eg ut som ein slave, kanskje?»  Dei store solbrillene, dongerishortsen, den neonfarga toppen og iPhonen slengte seg ned mellom dei kvite putene bakerst i båten. «Kanskje meir som ein slavedriver», tenkte eg, men høgt sa eg ingenting. Eg berre vrei om nøkkelen, bakka ut og snudde baugen mot «byen».

 

Havbrisen gjorde godt. T-skjorta hadde tørka, og vinden laga bakoversveis i håret mitt, som ikkje hadde hatt voks i seg på fleire veker. Miss iPhone hadde fått på seg ein hettegenser. Ho satt med hetta på nede i dørken, sikkert for å sjå skjermen i det skarpe lyset. Eg himla med augene inni meg, og sjølv om eg no fekk køyre kvar gong, sakna eg litt at vi spelte om det. Eg sakna at vi telte saman pengane vi hadde tent på turistane og planlegginga av alt vi skulle kjøpe. I gamle dager, som faktisk var i fjor, kunne vi stoppe for å fiske eller berre stoppe båten og drive, mens vi snakka om folka på øya og folka i byen. Om vi var i riktig godt slag drøymde vi om den aude øya vi skulle drive til, der vi hadde eigne trehytter og appelsintre og sånn gammeldags tyggegummikuleautomat som vi ikkje trengte pengar på.

 

 «Seriøøøøst?» Ei frustrert frøken reiv meg ut av draumane og eg innsåg at 2018 var meir som eit mareritt. Eg snudde meg bak og ho slengte mobilen bortover mot meg. «0 %!!» ropte ho irritert og nikka mot båtladaren. Eg plugga i - og i det samme gnistra det både inni og utanfor båten. Kortslutta heile greia? Lynte det? Eit gigantisk brak ramla rett over hovuda våre. «Sett motoren i fri, men ikkje køyv han!» brølte eg. «Kalesjen!» Ein kraftig vind feide inn over oss og vi følte begge regnet som stod i kø bak vinden. «Dette blir vått», tenkte eg, og sprang fram i båten for å hente den blå kalesjen. Det lyste opp og brakte i samme sekund. «Shit, seriøst altså!» tok eg meg sjølv i å seie, men kunne ikkje dvele ved at det likna mistenkjeleg på noko Helena ville sagt. Eg dytta kalesjen ut gjennom opningen og Helena halte og drog. Båten dreiv og brått tok eit vindkast tak i kalesjen. Helena heldt fast, men blei rykka halvvegs over ripa. Nytt lysglimt. Nytt brak! «Slepp!!»  brølte eg og i eitt steg var eg framme ved ripa. Halvparten av kalesjen var fylt med vatn og halvparten blafra så høgt i vinden at eg trudde øyrene mine skulle sprenge! «Slepp!!» brølte eg og kjente båten halle faretruende langt over på sida. «Eg sitt fast!» hiksta ho skrekkslagen. Tauet var snurra så hardt rundt handa at blåfargen matcha kalesjen. No var magen over kanten. «Kniven, kor er kniven?» Rett ved iPhonen hadde eg sett den, eg strekte meg etter den sløvaste sløyekniven nokonsinne og ba vinden om å løye så eg kunne klare å høyre bestefaren sine ord om kva som var lurt å gjere no. Der kom regnet, vinden løya, vatnet fylte stadig meir av kalesjen, båten halla, Helena hang med låra på kanten, eg strakk meg ut og fekta som ein idiot etter kalesjen. Tauet var for langt unna. Eg måtte spjære kalesjen!

 

Eit lite risp og tyngda av vatnet gjorde resten. Helena sank saman på dei våte putene mens eg pirka og skar på det stramme tauet som hadde laga djupe raude spor rundt handa hennar. Regnet fossa ned. Vi var klissvåte av utvendig og innvendig saltvatn. Og langt der inne i hetta hiksta Helena; «Om vi kjem i land, blir eg med og plukker appelsiner»

 

 

 

Previous
Previous

Astrid og Alf