Mine 10 år med musikk og teknologi

Produksjon og distribusjon av musikk tilhørte tidlegare dei få og profesjonelle inntil rimelege datamaskiner og programvare med digitale instrumenter vart tilgjengeleg for alle på 2000-tallet. Kan kven som helst med teknologisk kompetanse lage ein hit i 2023? Er musikk framleis meir enn suksess og høge strømmetal?

 

2013-2015 Dei studioinnspelte CD´ane

I 2013 lytta eg til CD´ar enten heime eller i bilen på køyretur. Studioinnspelte CD´ar med artistar som Odd Nordstoga og Reigstadtvillingane. Eg lytta til studioopptak av Chopin sine sonater spelt av dyktige pianistar og live-opptak av Mozart sine symfoniar framført av store symfoniorkester frå Berlin og New York. Tidleg på 2000-talet var datamaskinene blitt relativt gode og teknologien gjorde det mogleg å ta opptak og spele av musikk med langt høgare kvalitet enn dei spede forsøka på 1800-talet og den første multitrackteknologien frå 1940-talet. (Advanced Music Production, u.å; Tronshaug & Tørnquist, 2011, s.282) Datamaskiner og dyrt studioutstyr i eigne lokaler lot profesjonelle musikkprodusentar produsere, mixe og mastre musikk som vart gitt ut på CD og solgt i butikkane eller etter konsertar. Stargate er en norsk produsentduo som gjorde internasjonal suksess på denne tida. (Wikipedia, 2023) CD´er var ei svært populær gave til bursdagar og jul om ein ser på samlinga eg hadde opparbeida meg allerede dei første åra i mitt liv.



2013 var også året då far min kom frå USA med ei Microsoft surface-maskin som hadde penn og tekstgjennkjenningsprogram for noter installert. Staff-pad var programmet og teknologien som gav meg den første moglegheita til å uttrykke mine musikalske idear med lyd. (https://www.staffpad.net/, 2023) Eg skreiv namnet og verdien på noten på skrivebrettet, og mor mi eller venninna mi Kristina teikna noten inn i programmet med pennen. Etter ei rekke med notar, trykte vi på play og fekk høyre om det vart slik eg hadde tenkt. På Staff-paden kunne eg legge til fleire notelinjer og fleire instrument, og tida med papir og blyant og det å måtte vente til ein pianist kom på besøk som kunne spele, var over. No fekk eg umiddelbart høve til å redigere, utvide og lytte til musikken eg skapte.

 

Våren 2015 fekk eg oppleve tre dagar med studio-livet. Eg tok med ti av låtane mine med tekst og notar, både utskrivne notark frå Staff-paden og nokre med besifring som eg hadde fått hjelp til av Vegard Holm og Arne Søholt, og møtte eit knippe sinnsykt flinke musikarar og produsentar i White Room studio i Asker. Dei har tidlegare jobba med Rihanna og Lene Marlin og no var det min tur. Dei såg på notane og tekstane, vi snakka saman om stemning, tempo, vibe – og så berre spelte dei versjonar som eg kunne velge mellom. Uten å øve! Eg sat bak miksepulten, som var fleire gongar større enn meg, saman med produsenten Bjørn Erik Pedersen. Han klipte, justerte, flytta og kommanderte, og det låt bedre enn eg hadde klart å sjå føre meg.

 

Teknologien sørga for at produsenten kunne balansere instrumenta i forhold til kvarandre, men harmoniane, rytmene, skillsa, kreativiteteten og viben var det musikarane som stod for.  I oktober var det plateslepp, ca 5 månader venta eg på det endelege resultatet, og vi diskuterte om vi skulle publisere det digitalt eller som CD. Råda vi fekk var CD, for dei trudde ikkje omlegginga ville gå så fort. Av alle oss som gav ut CD i 2015, så trur eg ikkje at eg er den einaste som har hundrevis igjen på loftet. (Simen Aabrekk, 2015)

 

Staff-pad maskina gjorde det også mogleg for Kristina, Vegard og meg å sende inn notane til ein nasjonal komponeringskonkurranse Veslefrikk i 2016. 6.klasse ved Nordstranda skule vant, i konkurranse med 1700 barn, med sangen vi hadde laga; Vårslepp i Fjellbygda. Heile klassen fekk reise til Oslo med fly, bu på hotell og oppleve at verket vart framført av KORK. ( https://www.nrk.no/kork/veslefrikkprisen-2016_-prisvinnerkonsert-1.12924357, 2016) og av rådhusklokkene.

 

2016 – 2019 Strømming tar over som distribusjonskanal og digitale innspelingar vert kvardagskost

Mens CD´ane støva ned, bortsett fra den i bilen, så blei gratis-abonnement på Spotify løysinga. Strømming av musikk, også kalt streaming eller direkteavspilling er overføring av data, bilder eller lyd frå ein sender til ein eller fleire mottakere. (Eidsten Dahl, 2023) Innførselen av eit stort utval digitale strømmetjenester, gav nesten eit snev av vår tids klassisisme; Musikken vart tilgjengeleg for enda fleire, og langt fleire små artistar fekk tilgang til et publikum.

 

Spotify starta sakte, men med etterkvart 100 millioner musikkspor lett tilgjengeleg, så kan alle no utforske ny musikk, lage faste spelelister, søke i sitt nostalgiske arkiv og samtidig ha umiddelbar tilgang på nyheiter. (Spotify, 2023) «I 2017 ble det klart at for første gang i historien ble overvekten av musikkbransjens inntekter generert av nettopp streamingtjenester. Dette i ifølge offisielle tall fra Recording Industry Association of America.» (Eidsten Dahl, 2023, avsnitt 1)

 

Eit døme på korleis teknologien har endra distribusjonen er Kevin Parker, aka Tame Impala. (Wikipedia, 2023) Han er eit tidleg døme på korleis ein gut frå ingenmannsland som Perth i Australia, kunne lage og laste opp eigen musikk med eit globalt publikum. Frå hans spede start på MySpace i 2005 har han no 23 millioner månedlige lyttere på Spotify og sanger med en milliard avspilllinger. (Spotify, 2023) Om Kevin Parker brukte mange år på å nå ut, så vart Kygo raskaste artist til å nå ein milliard avspelingar seint i 2015. Kygo viser korleis teknologien endra også framføring av musikk. Han tok i bruk langt fleire digitale instrument på scena under konserter og liveshow. Skillet mellom forhåndsinnspilt musikk og live-framføring blei viska ut. En dj som fyller stadion med originaler og remixer slo an og er fremdeles ein del av konserttilbudet og spillelistene. På debutalbumet fra 2016 er tradisjonelle instrumenter som piano brukt, supplert med digitale trommer, bass og pads. (Kygo, 2016) Nokre gonger har han med live-vokalister som featured artists, td Selena Gomez i 2017 med It Ain´t Me. (Kygo, 2017) Sangen har tradisjonell pop-oppbygging med vers, refreng og bridge. Instrumentvalga er ein kombinasjon av gitar/piano og elektroniske trommer, bass og effekter. Han bruker filter på vokalen på bridgen og skaper variasjon i rytme med bassen og trommene.

 

Produksjonen av musikk tilhørte tidlegare dei få og profesjonelle inntil programvarene og opplæring på YouTube blei tilgjengelig, ikkje berre for musikarar, men også for barn og unge med kreativitet og teknisk kompetanse. Billie Eilish og broren hennes endra synet på kva som var mogleg rundt 2016. Tenåringane brukte eiga datamaskin, laga, spelte inn, produserte og lasta opp musikken sin til Soundcloud. Utan noko særleg musikalsk bakgrunn eller eige management, gjekk dei viralt etter ein Netflix-episode. Enkle melodiar, få og digitale instrument, med unntak av akustisk gitar, og jevn rytme pregar dei første låtane. (Anandani, 2020)

 

I vinterferien 2017, reiste eg til Venke Knutson og Poprommet i Oslo, og blei introdusert for musikkproduksjon i Logic pro X. Logic er “et avansert verktøy for profesjonell låtskriving, redigering og miksing er bygget rundt et moderne grensesnitt som er designet for å gi kreative resultater raskt og også levere mer kraft når det trengs. Logic Pro X inneholder en enorm samling med instrumenter, effekter og looper og leverer en komplett verktøykasse for å lage musikk som låter fantastisk” (Bedre Innsikt, 2023).  Eg kjøpte programmet for ca 2000 kroner og første versjon av ´After the storm´ blei laga denne veka. Enkle trommer, pianoakkordar, bass og pads laga greie komp, men utan vokal stranda låta på dropbox inntil vidare. Mixing og mastring var framleis utanfor rekkevidde uansett, så det var ikkje før eg fekk ny sjanse til studiotid på Gran Canaria med Bjørn WW Jørgensen at nye låtar vart klar for publisering. Denne gongen valgte eg kun digital publisering gjennom Lydmuren som tok musikken ut på alle digitale plattformer i 2018/2019. Studioalbumet Words på artisten med mitt namn (Aabrekk, 2015) og dei nye på SICO (SICO, 2023) Ingen av desse låtane har tradisjonelle instrument, dei er heildigitalt produsert, mixa og mastra av Bjørn WW Jørgensen. Vokalane er venner og familie som stiller opp for opptak i Bjørn sitt studio.

 

2020-2023 Frå innestengd til full friheit 

Pandemien slår til i 2020 og for meg blir heimeskule raskt normalen. Vi finn eit nettkurs i musikkproduksjon på advancedmusicproduction.com og følger David Campos, ein musikkprodusent frå Sør-Afrika, gjennom 270 videofilmer med oppgåver dei neste 11 månedane. Vi bygde lydpanel, oppgraderer lydkortet og studiomonitorane og får live vegleiing i denne perioden. Til slutt sit vi att med eit ferdig mixa komp til `After the storm` og Linea frå Firda vgs-klassen min syng ein nydeleg vokal som etter siste runde med mix og master blir den første eigenproduserte låta frå Prente Music studio. Vi valgte DistroKid.com som distributør og hadde no heile musicmanagementet sjølv. Dette var stort for meg, men ikkje unikt. Svært mange brukte pandemien kreativt. Nedstenging og heimeskule gav mange heilt nye moglegheiter og grensene vart flytta ytterlegare. Miles er tildømes ein fire-åring som i 2020 debuterte på YouTube og IG med sin digitale kompetanse i Logic. Filmane viser kor enkelt han tar opp og produserer eigne låter. Tidleg eksperimentering med melodi, rytme, tonalitet, harmonikk, dynamikk, form og klang gir svært gode forutsetningar for varierte uttrykk, og når han både handterar tradisjonelle instrument og digitale verktøy er moglegheitene uendelege. No er han sju år og viser framleis stor glede ved å lage eigen musikk, på dei klippa som foreldra legg ut. Eg håper han har kloke vaksne rundt seg og at spørsmåla knytt til tidleg eksponering av barn i sosiale medier og konsekvesane av det, vert rekna foran ein eventuell aukande kommersiell interesse knytta til talentet hans.

Vi kjem ikkje unna Tiktok fra 2021 og fram mot i dag. Olivia Rodrigo har satt fleire rekordar; «yngste, raskast, flest» og opplevde ein eksplosiv stjernestatus når Disney, High scool musical og Tiktok smelta saman. (Capital FM, 2022) Den karakteristiske lyden av bildøra som startar Driver´s licence er eit eksempel på sampling som enkelt kan gjeres med telefonen i dag. Sampling er å ta opp lyd og bearbeide den i programmet, td i Logic. Eg sampla fuglesangen i starten på Las Verduras (SICO, 2022) Eg tok opp lyden ute, lasta den inn på maskina, tok vekk støy med EQ, la på litt klang og kompresjon og så var fuglesangen frå Gloppestad ein del av raggaeton-låta på Spotify.

 

Etter tre fine år i mitt eige studio med utforsking av mange av dei digitale instrumenta som kjem med Logic og Kontakt, som eg har brukt mest, så har låtar i ulike stilartar teke form. Vocalizr har gjort det mogleg å kjøpe vokal frå vokalister frå heile verda og samarbeide på tvers av kontinent. Eg har jobba med Shelly frå Colombia, Marcell frå Argentina, Ron frå Texas og Matthew frå Nashville. Vi vert einig om ein pris og betaler inn depositum til plattforma. Så laster vi opp skissa til kompet med og uten vokal. Kun eit par dagar seinare får vi forslag tilbake, og når alle er fornøgd sleppes pengane og vi får filene i høg kvalitet og kan legge dei inn i logic og ferdigstille prosjektet. I den siste låta ´All I do´ ønska eg ein nær, varm klang, som om den blir sunge til deg personleg, og det opplever eg at vi lykkes med. (SICO, 2023) I ´Hope in a Soldier´s Arms´ var harmoniane og automasjonen med strengeinstrumenta og dynamikken mellom barnet og den voksne soldaten spennande å utforske. (Prente Music, 2021) Polyfonien i ´Noel Montre la voie´ gav utfordringar for rytmen med den franske teksten (SICO, 2022) og i ´Las Verduras´ var definitivt raggaeton-rytmen det mest utfordrande. (SICO, 2022)

Prente Music studio, mitt heimestudio

 

Tilbake i 2013 var eg avhengig av tilfeldig forbipasserande pianistar, dyre studioprosjekt og alt tok lang tid å ferdigstille – om det vart ferdig i det heile tatt. I dag vel eg assistentane mine basert på musikalske ferdigheter så langt eg kan. Eg har dei siste åra hatt Eirin, Gosia og Kristian som perfekte samarbeidspartnarar på musikk, og Jonas, Gunn, Chatrine og Ineta på filmprosjekta. Mamma tilegner seg overraskande mykje produsenttekniske ferdigheter og hjelper meg med music managementet i Prente Music gjennom DistroKid og prente.no. Eg ser for meg at dette er noko eg vil halde fram med etter vgs også. Det var faktisk min einaste plan i 2021. Eg var så tilfreds og takknemlig med å gå på musikklinja, lære så mykje relevant, ha mitt eige studio og tilgang på alle ressurser på nett og eit fantastisk crew som bistår på alle tenkelige måtar, så kom 2022 og toppa det!

 

EyeHarp. 2022 blei året der den aller største draumen min blei virkelighet; å spele eit instrument på eiga hand. For meg som tidlegare var funksjonelt blind og har CVI, så har det vore utruleg å erfare at det nettopp er augene som gir meg fridomen til å spele eit instrument aleine. EyeHarp er eit digitalt instrument med kamera som fanger opp augene dine. Når du ser på det farga feltet, så speler tonen. (EyeHarp, 2020). Vi kan stille inn til alle tonearter, alle skalaer og til kva instrument som helst om vi koblar opp i lag med logic. Eg har sagt sidan barneskulen at eg elsker å opptre, og eg har fått delta. No bidrar eg i band og på forestillingar med mine tonar og for meg er kvar tone ein enorm seier! Det er framleis eit stort gap mellom kva eg har lyst å spele, og kva som verkeleg kjem ut. Det er likevel ekstremt inspirerande å kunne vere med å framføre min eigen musikk, og behalde draumen om ein gong å kunne reise rundt å spele alt det eg har laga dei siste 10 åra.

 

Teknologien har påvirka musikken i stor grad, men ikkje erstatta tradisjonell musikk slik vi kjenner den. Teknologien har påverka distribusjonen av musikk gjennom strømmetenester. Rimelege datamaskiner og programvare med digitale instrumenter har endra produksjon og framføring av musikk og har skapt eigne elektroniske sjangrar.  Variasjonar i rytme, klang og form er uendelege med bruk av programvarer som Logic og alt av reglar vert brotne når amatørane kjem på banen. Sjølv om konsertlivet fekk seg ein trøkk under pandemien, ser vi no at akustiske og digitale konsertar og førestillingar lever godt side om side, og gjerne i kombinasjon. Sjølv om heimestudioprodusentane, barn, influensere og uskolerte tar stor plass på Top 50 listene, så trur eg at verdien av å lære seg eit instrument, gleda ved å mestre og behovet for å formidle alltid vil forbli. Historien viser det. Det er tross alt musikk.

Previous
Previous

Tru, håp og kjærleik

Next
Next

Astrid og Alf